Riksantikvaren fredar Holocaust-minnesmerke for born og unge i Trondheim

Museumsplass, Trondheim

Fredag den 25. november fredar Riksantikvaren minnesmerket Cissi Klein-statuen i Trondheim.

Cissi Klein var frå Trondheim og eitt av mange born og unge som vart drepne under påskot av å vere ein trussel for samfunnet.  Ho var berre 13 år då ho blei deportert og myrda. Minnesmerket er laga til minne om alle dei jødiske borna som mista livet under den andre verdskrigen.

Statue av Cissi Klein som sitter på en benk.

Trøndelag fylkeskommune har vore involvert gjennom å utarbeide forslag til freding. I tillegg har Det Jødiske Samfunn i Trondheim, Jødisk museum og Trondheim kommune vore med i samarbeidet.

Fredinga er ein del av Riksantikvarens satsing på jødiske kulturminne i Noreg.

Fredinga av minnesmerket Cissi Klein-statuen i Trondheim skal markerast 25. november kl. 14.30 i parken på Museumsplass på Kalvskinnet, i Hans Hagerups gate 7.

Her stiller riksantikvar Hanna Geiran, fylkesordførar i Trøndelag Tore O. Sandvik, ordførar i Trondheim Rita Ottervik, Ralph Buchmann frå Det Jødiske Samfunn i Trondheim og ein av kunstnarane som har laga verket, Tore Bjørn Skjølsvik.

Torsdag den 24. november blir den fyrste fredinga frå satsinga gjennomført. Då blir deportasjonsmonumentet på Akerhuskaia i Oslo freda. «Sted for erindring» er laga av kunstnaren Antony Gormley.